Thursday, January 18, 2007

Bibliotek åpning

I går var det åpning av det nye biblioteket på den nye Hamar Katedralskole, med besøk av blant annet Jostein Pedersen, som konfransier, Knut Faldbakken og Are Kalvø. Jeg vil legge ved denne talen Are Kalvø holdt, som også kan leses i Hamar Dagblad i dag, der han forklarer hvorfor Hamar er best i verden.


Hamar - best i verda

Det er veldig stort for meg å vere her. Veldig stort. De trur sikkert at det er slikt som eg seier uansett kvar eg er. Og det stemmer. Men som regel meiner eg det ikkje. Som regel seier eg det berre for å vere hyggelig. Men akkurat denne gongen meiner eg det faktisk. Det er verkelig heilt spesielt stort for meg å vere akkurat her, i lag med akkurat dykk, akkurat i dag. Det er vanskelig for meg å sette ord på kor stort det er for meg å vere akkurat her akkurat i dag. Men eg trur ikkje det er ei overdriving å seie at dette er det største augeblikket i livet mitt. Tenk at eg - lille meg - får vere med på ein stor dag i Hamars historie.

Hamar, denne byen som har den vakraste, rausaste, livligaste, mest spennande og mest romantiske byen i verden. Tenk på alt Hamar har gitt i verden. Hamar har gitt oss stor idrett. Hamar har gitt oss Storhamar Dragons og HamKam, dei grøne heltane på Briskeby, HamKam som på ein god dag kan spele 0-0 mot nesten kven som helst. HamKam som tok til seg Frode Grodås sjølv om han snakka veldig rart, gav han ein jobb og let han få halde på nokre månader før de sendte han vidare, HamKam, som viss det var rettferdighet i verden, ville vore Norges suverene bestelag i staden for dei inntørka, sjøvgode, oppskrytte, eldgamle, gørr kjedelige, Rema 1000-befengte Rosenborg.

Hamar har gitt oss Vikingskipet. Det er mange som har vikingskip, men berre Hamar har vikingskip som er bygd på nittitalet, på land, opp ned. Der det blir arrangert VM på skøyter fleire gonger i året. Med masse deltakarar som bur her i byen. Even Wetten. Eskil Ervik, som på en god dag kan gå ti tusen meter på skøyter. Det er langt det. Det er ikkje alltid at han går ti tusen meter spesielt fort. Men det er fordi han ikkje er innfødt, han er innflyttar, frå det Rema 1000-befengte Trøndelag.

Hamar har gitt oss meir enn nokon annan by. Hamar har gitt oss domkirkeruinar i glas og ramme, Hamar har gitt oss den eine kvinnelige biskopen etter den andre, Hamar har Mjøsa, Nordens svar på Stillehavet, berre at det faktisk er stille, Hamar har gitt oss Stallgården, Norges desidert hippaste utesplass, Hamar har Norsk Tipping og Skibladner og Hamar Arbeiderbla, Hamar har gitt oss Ole Edvard Antonsen, Silje Nergaard, Knut Faldbakken, Rolf Jacobsen og Kristen Flagstad, Terje Kojedal,Patrick Thoresen og Hilde Hummelvold, Egil Danielsen og Anders Baasmo Christiansen og - ikkje minst - Norgeshistorias i særklasse beste moderniseringsminister - Morten A. Meyer. At han også er Norgeshistoria einaste moderniseringsminister seier berre sitt om kor bra han var.

I dag skal denne byen, som har gitt oss alt dette, bli endå betre, og eg er med. Det er klart det er stort. Det er klart dette er det største augeblikket i livet mitt. Etter dette kan det berre gå nedover.

Are Kalvø

2 Comments:

Blogger audun said...

Det er då klart... Ein har ikkje mange store augneblink her i livet når ein er fødd og oppvaksen på Stranda. -Ein stad som har gjeve verda kun tre ting; Are Kalvø, Bjarne Solbakken og Pizza Grandiosa...

8:33 pm  
Blogger Brita said...

Jeg og vil se Are Kalvø!!!

5:30 am  

Post a Comment

Subscribe to Post Comments [Atom]

<< Home